| |
Pilegrim Jerusalem er ein heilag by for menneske som høyrer til tre store verdsreligionar. Både jødar, muslimar og kristne finn nokre av dei viktigaste heilage stadene sine innanfor bymuren rundt Gamlebyen. I fredelege tider er Jerusalem er ein by full av turistar. Mange av dei er pilegrimar, menneske som har reist hit for å oppsøkje heilage stader. Sjølve ordet pilegrim er det helst kristne som nyttar. Ordet kjem frå det latinske peregrinus, som tyder "framand". |
|
Signe er på vitjing i Jerusalem. Her bur ho i Profet-gata, i eit hus som den svenske kyrkja eig. Herfrå er det berre eit lite stykke å gå til Jaffa-porten, ein av dei gamle byportane inn til Gamlebyen, der dei fleste av dei heilage stadene ligg.
|
|
|
|