Vestmuren

Vestmuren er alt som står att av det gamle jødiske tempelet.

Bibelen fortel at kong Salomo var den første til å byggje eit tempel for Israels Gud i Jerusalem. Seinare vart tempelet øydelagt, bygd opp att og forandra fleire gonger. Kong Herodes, som du kan lese om i jule-evangeliet, stod for den største utbygginga. Tempelet i Jerusalem vart til eit av dei flottaste i verda. Men det fekk ikkje stå så lenge. Det vart øydelagt av romarane etter eit jødisk opprør i år 70 etter Kristus.

Tempelet vart aldri bygd opp att etter dette. Men Vestmuren stod att. I alle år har jødar komme hit for å be, og for å sørgje over det øydelagte tempelet. I gamle dagar vart muren kalla for Klagemuren.

Det er alltid fullt av folk ved Vestmuren, særleg på fredag kveld og laurdag. Då er det sabbat, den jødiske helgedagen.

Les meir:

   


Vestmuren

Kan du sjå Signe? Ho har på seg stråhatt, raud kjole og ryggsekk. Ho har nett passert ein politikontroll-post, på veg inn til den store plassen foran Vestmuren.

Dei som er her for å be, får gå heilt bort til muren. Menn og kvinner står på kvar sin stad. Mange stikk små lappar med bøner på, inn mellom steinane.

Dei som er her for å sjå, held seg bak eit gjerde litt unna muren.

Førre: Pilegrim

 Neste: Festen

Innhald


 

 qumran.no drives av Anders Aschim. Send e-post