| |
Festen Når ein jødisk gut fyller tretten år, vert han ein bar mitsva, ein "bodets son." No vert han rekna som ein vaksen mann, med ansvar for å leve etter Guds bod. Bar mitsva-dagen er ei stor høgtid. Guten blir kalla fram ved sabbatsgudstenesta for å lese eit stykke frå Bibelen. Etterpå er det fest heime. Før bar mitsva-dagen har guten fått undervisning om dei religiøse pliktene sine. Høgtida kan samanliknast med den kristne konfirmasjonen. I våre dagar har mange jødiske synagogar ein liknande seremoni for jenter, bat mitsva. bat tyder "dotter". |
|
Alle har noko på hovudet her ved Vestmuren. Dei fleste mennene ber den runde lua som kallast kippa. Fleire av dei har bønesjal, tallit. Ute på plassen får Signe auge på ein ung gut. Han står og les frå ein bokrull, medan nokre vaksne menn hjelper til. Dei feirar ein stor høgtidsdag, bar mitsva.
|
|
|
|