| |
Brua Jerusalem er ein by med store spenningar. I dette landet bur det to ulike folkegrupper, israelarar og palestinarar. Båe gjer krav på landet. Israelarane seier: "Vi var her først." Palestinarane seier: "Vi har vore her lengst." Dei fleste israelarane er jødar. Dei fleste palestinarane høyrer til islam, men nokre er kristne. Eit av problema er synleg frå brua på biletet. Ho fører opp til den store plassen der det jødiske tempelet stod i gamle dagar. Nokre jødar vil gjerne byggje tempelet opp att. Men i 1300 år har det lege ein viktig muslimsk heilag stad her oppe. Vestmuren, som er den viktigaste heilage staden for jødar, er samtidig ytterkanten av det viktigaste muslimske heilage området i byen. Det har ofte vore samanstøytar her, så politiet passar nøye på. |
|
Frå plassen foran Vestmuren fører ei bru opp til platået som muslimar kallar Haram esh-Sharif. Jødar seier helst Tempelberget. På veg opp får Signe auge på den gylne kuppelen på Klippedomen. Kuppelen er eit landemerke i Jerusalem. Signe har alt sett han mange gonger, frå ulike stader i byen. Før Signe får gå inn gjennom porten ved enden av brua, må ho forbi ein ny politi-kontroll. Signe tykkjer det er svært mykje politi her. Men det har sine grunnar.
|
|
|
|