| |
Klippedomen Dei to viktigaste heilage stadene i islam ligg i Saudi-Arabia. Dei heiter Mekka og Medina. Men Jerusalem, eller Al-Quds, som er det arabiske namnet på byen, er nummer tre. Haram esh-Sharif er ein stor plass, like stor som tolv fotballbaner! Midt på plassen ligg Klippedomen. Koranen, den heilage boka i islam, fortel at profeten Muhammad vart teken opp til himmelen for å få vite kva Gud ville seie til menneska. Etter tradisjonen hende det nett på denne staden. |
|
Klippedomen er eit flott syn, med den gylne kuppelen og keramikk-flisene i fine fargar og mønster. Huset er åttekanta. Signe tek eit bilete. Før ho går inn, må ho ta skorne av seg. Det gjer ikkje noko, for det er teppe på golvet. Det er fint inne òg, med mange dekorasjonar. Men det er ingen bilete, berre mønster og arabiske bokstavar. Midt under kuppelen er det ein enorm stein. Det er den som har gjeve namn til Klippedomen.
|
|
|
|