Moskeen

Klippedomen vert ofte kalla for "Klippemoskeen," men det er ikkje heilt rett. Ein moské er eit hus der muslimar kjem saman for å be. Det er ikkje slike bønegudstenester i Klippedomen. Dei foregår i den store Al Aksa-moskeen like ved, og i mange andre mindre moskear i byen.

   


Al Aksa-moskeen

Signe tek ein kvil i skuggen, foran den store Al Aksa-moskeen. Det er plass til fleire tusen menneske der inne.

På fredagar er det stille i gatene i Gamlebyen i Jerusalem. Muslimane som bur der, samlast til fredagsbøn midt på dagen.

Førre: Klippedomen  Neste: Kyrkja

Innhald


 

 qumran.no drives av Anders Aschim. Send e-post