| |
Kyrkja Det er bygd ei stor kyrkje over staden der mange trur Jesus døydde og vart gravlagt. Det var keisar Konstantin den store som fekk reist kyrkja. Han var romersk keisar på 300-talet etter Kristus, og han gjorde kristendommen til statsreligion i riket sitt. Eigentleg ligg det mange ulike kapell og kyrkjerom under same taket her. Seks ulike kristne kyrkjesamfunn styrer kvar sine delar av kyrkja. Dei har ofte vore usamde om råderetten over huset. Mange kristne tykkjer det er leitt, for Jesus bad om einskap mellom etterfølgjarane sine. Desse kyrkjesamfunna finn du i Gravkyrkja:
|
|
Signe har gått den trange gata som kallast Via dolorosa. Det er latin og tyder "Lidings-vegen." Det vert sagt at det var den vegen Jesus gjekk då han bar korset sitt. På langfredag er det fullt av pilegrimar som går denne vegen. Mange av dei ber kors. Vegen endar her, på plassen foran Gravkyrkja. Kuppelen på taket er like stor som kuppelen over Klippedomen, men han er ikkje like lett å sjå, for det er så mange andre bygningar rundt.
|
|
|
|