| |
![]() Frå tårnet i Qumran har Signe oversikt over eit kjempestort, gammalt hus. Eigentleg er det visst mange hus, forresten. Det er ikkje så lett å sjå, for det er berre ruinar att. Det er lenge sidan det budde nokon her. Signe har på seg sommarklede,
solhatt og solbriller. Sola er sterk, og temperaturen er sikkert
30 grader. Attom fjella strekkjer Juda-ørkenen seg fleire
mil. |
|
Midt i Qumran-ruinen er det eit gammalt utkikstårn. Qumran ligg i Israel, ved innsjøen som kallast Dødehavet. Det er alltid veldig varmt og tørt ved Dødehavet. Qumran ligg på ein aude stad. I tida rundt Kristi fødsel budde det nokon i desse husa. Seinare var staden gløymd i hundrevis av år. Men sidan 1950-talet har forskarar frå mange land prøvd å finne ut noko om dei som budde her i gammal tid. Grunnen til det var noko som plutseleg dukka opp i ei fjellhole i nærleiken.
|
|
|
|