| |
![]() Foto: BiblePlaces.com Denne hola ligg om lag ein kilometer frå Qumran-ruinen. Det er temmeleg bratt opp dit, og det er vanskeleg å kome til. |
|
Det var tre beduinar som fann denne hola. Det hende ein vinterdag seint i 1947 eller tidleg i 1948, medan dei var ute og gjette sauer og geiter i traktene ned mot Dødehavet. Den eine gjetaren, som heitte Juma, kasta ein stein inn gjennom holeopningen. Då høyrde dei noko som gjekk i knas. Det var heilt uvanleg. Kunne det vere ein skjult skatt inne i hola? Det var Muhammad, den yngste av gjetarane, som klatra opp i berget og kom seg inn i hola for å undersøke. Les meir om:
|
|
|
|