Beduinleir

På busstur langs hovudvegen frå Dødehavet opp til Jerusalem får Signe auge på noko frå vindauget. Det er ein beduin-leir her, langt ute i ørkenen.


   


Beduinar

Dei tre gjetarane høyrde til ei gruppe beduinar som kallast Taamire-stammen.

Beduinar er ørkenfolk. I gamle dagar dreiv dei med husdyr, mest sauer og geiter. For å finne nok mat til flokkane måtte dei flytte leirane sine frå stad til stad.

Framleis er det beduinar som har dyr. Men det er òg mange som dreg til byen på arbeid, eller som sel ting til turistar.

I Taamire-stammen vart dei dessutan gode holeforskarar og skattejegarar.

 Attende til: Hola

Innhald


 

 qumran.no drives av Anders Aschim. Send e-post