Foto: Schøyen-Samlinga MS 1655/1
Stad: Oslo og London

Slike krukker var det Muhammad fann. Typen er heilt spesiell. Det ser ut til at desse høge krukkene var spesiallaga for frakt og vern av bokrullar.

Denne krukka høyrer til Schøyen-samlinga.

   


Krukka

Da augo til Muhammad hadde vendt seg til mørkret inne i hola, såg han fleire store leirkrukker! Var det verkeleg ein skatt?

Han opna den eine krukka etter den andre - og han vart meir og meir skuffa. Alle krukkene var tomme. Først da han opna den siste, fann han endeleg noko. Men ikkje gull eller edelsteinar. Det var gamle rullar av skinn, og det stod bokstavar på dei. I gamle dagar skreiv dei bøker på slike rullar. Sju gamle bokrullar var det Muhammad hadde funne.

Gjetarane selde skinnrullane til ein antikvitetshandlar i Betlehem. Sidan kom dei til Jerusalem, til forskarar som studerte Bibelen.

 Førre: Hola

 Neste: Fleire holer

Innhald


 

 qumran.no drives av Anders Aschim. Send e-post