| |
![]() Like ved Qumran-ruinen finn Signe
ein liten dal, Wadi Qumran. Når det regner, går
det ei elv gjennom dalen. Men det hender veldig sjeldan, berre
nokre få gonger i året. Til høgre ser du opningen
til hole 4Q. |
|
Bokrullane frå hola i øydemarka var ei stor overrasking for forskarane. Fleire av dei var frå tida før Kristi fødsel. Så gamle bøker er det veldig sjeldan at ein finn. Dei neste åra leitte arkeologar om kapp med beduinane som budde i området. Dei såg etter fleire holer med bøker i. Mellom 1947 og 1956 fann dei eit heilt bibliotek i ørkenen. Nokon hadde gøymt minst 800 bøker i 11 ulike holer. Holene fekk nummer, frå 1Q til 11Q, etter kvart som dei vart funne. Q tyder Qumran. Den første hola, den som gjetarane fann, vart kalla 1Q. Men den viktigaste er den hola som kallast 4Q. Berre i denne eine hola var det rester etter meir enn 600 bøker! Hole 4Q ligg berre eit steinkast frå Qumran-ruinen.
|
|
|
|