| |
![]() No er Signe i Jerusalem, på veg til eit heilt spesielt museum. Det ligg i den moderne delen av byen, i nærleiken av Knesset, den israelske Stortings-bygninga. Det kvite taket har same form
som lokket på ei krukke, ei slik som gjetarane fann bokrullar
i. Under kuppelen, i eit stort rom under jorda, er det gamle
bøker og gjenstandar frå Qumran og andre stader
i Juda-ørkenen. |
|
Dei gamle bokrullane frå Qumran-området var ein arkeologisk sensasjon. Folk kalla dei for "Dødehavsrullane," sjølv om nokre forskarar protesterte. "Det er aldri funne bokrullar i Dødehavet," sa dei. Folk i Israel er veldig stolte av bøkene frå Qumran. Det er bygd eit eige museum, der nokre av dei finaste bokrullane er utstilte. Museet vert kalla Heikal ha-Sefer, "Bokas tempel." Les meir om:
|
|
|
|