 |
 |

Rockefeller-museet i Aust-Jerusalem.
I kjellaren ligg nesten alle bøkene og fragmenta som er
funne i Qumran. Forskarar frå heile verda kjem hit for
å studere dei. Signe har ikkje vore der, for samlinga er
ikkje open for publikum. Dei fleste bøkene er gått
heilt i sund, og dei vert passa svært godt på.
|
 |
|

 |
Kvar er "Dødehavsrullane"? |
|
- Museet "Bokas tempel" (Heikal ha-Sefer)
i Vest-Jerusalem. Nokre av dei finaste bokrullane er stilte ut
her, slik at alle kan få sjå dei.
- Rockefeller-museet i Aust-Jerusalem. Den største og viktigaste
samlinga. Her finst nesten alle bøker og fragment frå
Qumran.
- Andre museum.
Nokre fragment finst i
- Private samlingar. Nokre få bitar av bøker frå
Qumran er i privat eige, mellom anna i den norske Schøyen-samlinga.
|
 |