| |
![]() I glasmontrar på museet ser Signe fleire gamle bokrullar. Den finaste er nok dette eksemplaret av Jesaja-boka frå Det gamle testamentet. Bokstavane liknar på slike
som Signe har sett på skilt i Israel. Ho kan ikkje lese
dei, for ho skjønar ikkje hebraisk. Men skrifta på
denne bokrullen er så tydeleg at mange israelske skoleborn
vil klare å lese kva som står der. |
|
Dei som gøymde bøker i øydemarka ved Qumran, må ha vore fromme jødar. Alle bøkene er religiøse. Dei fleste er på hebraisk språk, men mange er på arameisk, og nokre få på gresk. Mange av bokrullane inneheld delar av den hebraiske bibelen, eller Det gamle testamentet, som kristne seier. Dette er dei eldste eksemplara vi veit om av bibelske bøker. Andre bøker var heilt ukjente før funna ved Qumran. Desse bøkene fortel mykje vi ikkje før har visst om jødedommen omkring Jesu tid. Les meir om:
|
|
|
|