1QIsa(a)

1QIsa(a)

Den store Jesaja-rullen er over sju meter lang. Du kan ikkje bla i ein bokrull. Du held han med begge hender og "spolar" fram frå side til side. Du kan samanlikne rullen med ein videokassett. Eller du kan tenkje på skjermbiletet på datamaskinen. Der brukar du rullesjakta for å sjå meir av teksten.

 


Å lage og bruke ein bokrull

For å lage ein bokrull treng du anten skinn eller papyrus. Dei fleste bøkene som er funne i Qumran, er laga av saue- eller geiteskinn.

  • Først må ein gjere skinnet tynt, glatt og fint.
  • Så vert det skore i store firkantar.
  • Firkantane syr ein saman til ei lang remse.
  • Med ein linjal og ein spiss reiskap kan du lage ruter så store som boksider, og liner til å skrive på.
  • Så kan du finne fram penn og blekk, og fylle ut linene med bokstavar.

"Sidene" i ein bokrull kallar vi spalter eller kolonner. Til ei stor bok treng du ei skinnremse på mange meter. Men når du rullar saman boka, tek ho liten plass i bokhylla.

Attende til: Bøkene

Innhald


 qumran.no drives av Anders Aschim. Send e-post