![]() Den store Jesaja-rullen vart laga om lag år 125 før Kristi fødsel. Forskarane kan nytte to metodar for å finne ut alderen på ei så gammal bok: Dei kan studere handskrifta og samanlikne med korleis folk skreiv i tidlegare og seinare tid. Læra om gammal handskrift kallast paleografi. Dei kan og gjere ein såkalla
Karbon 14 (C 14)-test. Ved å måle kor mykje
av dette kjemiske stoffet som finst i eit materiale som stammar
frå planter eller dyr, kan ein finne ut kor gammalt det
er. |
Om lag ein tredjedel av bøkene som er att frå Qumran-biblioteket, inneheld tekstar frå den hebraiske bibelen, den boksamlinga som kristne kallar Det gamle testamentet. Dette er dei eldste eksemplara som finst av bibelske bøker. Før Qumran-funna visste ein mest ikkje om noko bibel-eksemplar som var eldre enn år 900 e. Kr. Mange av bibelbøkene i Qumran-biblioteket er over 1000 år eldre! I løpet av denne tida vart bøkene skrivne av mange gongar. Ein kunne tru at det kom til å bli mange skrivefeil på den måten. Men det syner seg at dei gamle skrivarane har har hatt stor respekt for bibelteksten. Dei har vore svært opptekne av å skrive av nøyaktig. Det er veldig få feil å finne. Sjølv om desse bøkene er gamle, er det ikkje originalane som er funne i Qumran. Profeten Jesaja levde for eksempel på 700-talet før Kristus. Det eldste eksemplaret av Jesaja-boka som vi veit om, 1QIsa(a), som du ser her, er 600 år yngre. Ein får ikkje plass til heile Det gamle testamente i ein bokrull, berre ei eller nokre få bøker. Men alle dei 66 bøkene i den hebraiske bibelen er funne i ei eller fleire av holene, med unnatak av to: Esters bok og Nehemjas bok. Dei mest populære bøkene var 1. Mosebok, 5. Mosebok, Jesaja og Salmane. Det er ikkje funne noko av Det nye testamentet i Qumran-holene.
|
|
|