11QMelch

11Q13 (Melch)

Dette er den første boka frå Dødehavsrullane som Signe vart kjent med, men den har ho berre sett fotografi av. Desse bitane er mest alt som er att av ei bok frå om lag år 100 før Kristus. Det er rester av to spalter. Boka inneheld ein bibelkommentar, ei slags preike. Først kjem det noko som står i Bibelen, og så kjem ei forklaring av kva bibelverset tyder.

 


Andre bøker i Qumran-biblioteket

Mesteparten av bokrullane inneheld religiøs litteratur som ikkje står i Bibelen. Mange av desse bøkene hadde vore fullstendig gløymde i hundrevis av år, til dei plutseleg vart funne att i holene nær Qumran.

Om lag ein fjerdedel av bøkene ser ut til å komme frå eit spesielt jødisk religionsparti. Kan hende var det folk frå dette partiet som åtte biblioteket?

Dei andre bøkene var truleg populær lesnad blant jødar på Jesu tid og like før, sjølv om dei ikkje stod i Bibelen. Nokre få av dei kjente forskarane alt før Qumran-funna, i gamle omsetjingar. Men dei fleste var ukjente.

Attende til: Bøkene

Innhald


 qumran.no drives av Anders Aschim. Send e-post