 |
|

Hebraisk og arameisk skriv du med det same alfabetet.
Du les og skriv frå høgre mot venstre. Alle teikna
står for konsonantar. Vokalane må lesaren leggje
til sjølv.
Det greske alfabetet liknar
mykje meir på det vi brukar. Her er det eigne teikn for
vokalar, og ein les frå venstre mot høgre.
|
|

 |
Språka
i Qumran-biblioteket |
|
Det er funne bøker på tre
ulike språk i holene ved Qumran.
- Hebraisk
er språket i dei fleste bøkene i Det gamle testamentet.
Dei aller fleste av dei andre bøkene i Qumran-biblioteket
er òg skrivne på hebraisk.
- Arameisk
var truleg det vanlegaste talespråket mellom jødar
på denne tida. Arameisk er i slekt med hebraisk, om lag
slik norsk og islandsk er i slekt. Det er funne om lag 120 bøker
på arameisk språk i Qumran-biblioteket.
- Gresk
var det viktigaste internasjonale språket i det austlege
Middelhavsområdet. Det er funne nokre ganske få greske
bøker i Qumran-biblioteket òg.
Latin
var språket til dei romerske herskarane. Det er ikkje funne
bøker på latin ved Qumran.
|