Torleif Elgvin, Signe

Torleif Elgvin fortel Signe korleis ein kan finne ut kva som har stått i ei gammal bok, sjølv om det berre er småbitar att.

Torleif har budd mange år i Israel. Han er den norske forskaren som har arbeidd mest med Qumran-fragment. Det liknar mykje på å leggje puslespel, seier han.

Puslespel er noko Signe har god greie på. Men desse puslespela er vanskelege, så det er godt å ha Torleif til å vise seg nokre knep.

   


Fragmenta

Eigentleg er det berre ti av bøkene frå Qumran som kan kallast rullar. Då reknar vi med alle bøkene som vi har meir enn halvparten att av.

Av dei andre bøkene er det berre små bitar att. Slike bitar kallar forskarane for fragment.

Eit fragment kan vere så stort som eit vanleg papirark, men det kan òg vere så lite som eit frimerke, eller enno mindre.

Det har teke meir enn femti år å få oversikt over, sortere og sette saman Qumran-fragmenta. Først i 2002 kunne forskarane feire at arbeidet var ferdig.

Les meir om:

 Førre: Bøkene

 Neste: Ruinen

Innhald


 

 qumran.no drives av Anders Aschim. Send e-post