 |
 |

4Q422
Dette er puslespelet som Signe
fekk sjå hjå Torleif Elgvin. Det er slett ikkje lett.
Det manglar fleire brikker enn dei som er att.
Når Signe får eit
puslespel, ligg det vanlegvis i ein ask. På loket kan ho
sjå eit bilete av det ferdige puslespelet. Men her finst
det ikkje noko slikt lok. Dette er ein heilt ukjent tekst, så
vi veit ikkje kva det skulle ha stått på dei stykkja
som manglar.
Men ut frå dei orda som
er leselege, gjettar Torleif at dette er ei lita bibelhistoriebok
eller andaktsbok. Boka fortel om korleis Gud skapte verda, korleis
han berga Noah frå syndfloden, og korleis han berga Israels-folket
frå egyptarane.
Torleif har brukt oppskrifta
til høgre for å leggje dette puslespelet, og resultatet
er imponerande.
|
 |
|

 |
Puslespel |
 |
Qumran-forskarar blir gode til å
leggje puslespel. Her kjem oppskrifta:
- Steg 1:
Sorter ut alle fragment som har høyrt til same bokrull.
Det er ikkje så lett som det høyrest ut til. Tenk
deg at du finn brikker frå hundre ulike puslespel som er
blanda i hop, på golvet.
- Steg 2:
Finn bitar som passar saman, kant mot kant. Det er dette
du gjer når du legg vanlege puslespel.
- Steg 3:
Finn ord eller setningar som passar saman. Av og til finn
du ei setning som byrjar i slutten av ei linje på eitt
fragment, og som held fram i byrjinga av ei ny linje på
eit anna fragment. Då kan du plassere desse to fragmenta
på rett plass i puslespelet, sjølv om du manglar
nokre brikker mellom dei.
- Steg 4:
Prøv å finne ut kvar i bokrullen dei ulike fragmenta
har høyrt heime. Det høyrest rart ut, men her
kan du ha god hjelp av skadene på boka! Det er ofte eit
mønster i slike skader. Dersom boka er mark-eten, kan
du til dømes finne att holet marken har laga på
mange ulike fragment. Då veit du at desse fragmenta har
lege rett utanpå kvarandre den gongen boka var ein rull,
og så kan du prøve å tenkje deg korleis boka
såg ut når ho var rulla ut.
Du treng både røynsle og flaks
for å løyse slike oppgåver. Ofte lukkast det
ikkje å plassere alle fragmenta på rett plass.
|
 |