| |
![]() Foto: Schøyen-Samlinga MS 2713 Stad: Oslo og London Dette puslespelet er på ein måte vanskelegare enn det du finn på sida puslespel. Det er berre eit par brikker att, og skinnet er vorte både slite og mørkt. Men på ein annan måte er det lettare. Denne teksten står i Bibelen, i Josva-boka, kapittel 1 og 2. Sjølv om berre nokre få ord er leselege, kan vi kjenne han att. Fragmentet høyrer til
Schøyen-samlinga. |
|
I full storleik er det største fragmentet på biletet 9,7 cm breitt og 17,0 cm langt. Du kan måle opp kor mykje det er med linjal på eit stykke papir. Denne "puslespelbrikken" (og den vesle ved sida av) er alt som er att av ein bibeldel frå tida omkring Kristi fødsel.
|
|
|
|