 |
 |

Attende i utkikstårnet
i Qumran. Når Signe snur seg mot sør, ser ho denne
utsikta. Qumran-ruinen ligg på ein bakketopp, mellom fjella
og den vide sletta ned mot stranda ved Dødehavet.
I denne delen av Qumran-ruinen
ligg fleire av dei største og viktigaste romma. Lengst
borte på bakketoppen, til høgre på biletet,
kan du skimte noko som ser ut som eit buss-skur. Det er eit moderne
soltak, bygd på eit utsiktspunkt mot hole 4Q. Sjølve
hola ligg utanfor biletet, til høgre.
Det er vanskeleg å sjå
langt, for lufta er disig på grunn av varmen. Over Dødehavet
er det nesten som skodde.
|
 |
|

 |
Ruinen |
 |
Korleis kunne nokon finne på å
byggje slikt eit stort hus langt ute i øydemarka? Kva
var Qumran-anlegget eigentleg?
Forskarar har føreslege fleire ulike
teoriar.
- Festning: Det
er murar rundt, eit vakttårn i midten, og godt oversyn
over den nordlege delen av Dødehavet. Kan Qumran ha vore
forlegninga til ein liten militærkoloni, kan hende ein
grensepost?
- Landstad:
Nokre rikfolk frå Jerusalem hadde stader i varme strok
som dei kunne reise til i den kalde årstida. Kan Qumran
ha vore ei slik "luksushytte"?
- Herregard:
Det er funne spor av ulike dyr og plantar i Qumran-ruinen. På
sletta ved Dødehavet veks det daddelpalmar. I fjellet
ovanfor går det an å dyrke korn. Kan Qumran ha vore
ein storgard?
- Religiøst senter: Det er funne eit stort religiøst bibliotek
rett i nærleiken. Eit avansert system for vassforsyning
kan tyde på at det budde menneske her som tok religiøse
reinings-seremoniar svært alvorleg. Kan Qumran ha vore
eit slags kloster, eit bu- og arbeidsfellesskap for folk som
ville studere Bibelen og leve eit heilagt liv?
Dei fleste forskarane held på den
siste teorien.
Les meir om:
|
 |