| |
![]() Det er rart å bade i Dødehavet. Det smakar vondt å få vatn i munnen, tykkjer Signe. Men du flyt veldig lett i det salte vatnet.
|
|
Dødehavet er ein underleg innsjø. Overflata ligg over fire hundre meter lågare enn havflata. Dette er faktisk den lågaste plassen på jorda! Sjølv om Dødehavet er ein innsjø, er vatnet salt, enno saltare enn havet. Elva Jordan fører vatn inn i sjøen, men det finst ikkje noko avløp. Den sterke varmen gjer at mykje av vatnet fordampar, men salt og andre mineral vert liggjande att i sjøen.
|
|
|
|