 |
 |

Sola går ned over Juda-ørkenen,
og det går mot kveld. For Signe er det på tide å
forlate Qumran-ruinen for denne gongen.
|
 |
|

 |
Menneska |
|
På qumran.no byggjer vi på
to teoriar:
- Qumran var eit religiøst senter.
- Bøkene i holene like ved høyrde
til folk som heldt til her.
Dersom desse to teoriane er rette, kan
vi teikne eit bilete av menneska bak "Dødehavsrullane".
- Dei var ivrige bibel-lesarar. Dei laga
sjølv handskrevne biblar og andre bøker.
- Dei var opptekne av å forstå
Bibelen på den rette måten. Det var viktig for dei
å leve etter Guds vilje. I mange spørsmål
var dei veldig konservative. Andre jødar tykte sikkert
dei var strenge og gammaldagse.
- Dei var usamde med prestane som bestemte
i tempelet i Jerusalem. Mellom anna meinte dei at kalenderen
som dei nytta i Jerusalem, var heilt feil.
- Dei tenkte seg tilværet som ein
kamp mellom gode og onde krefter, mellom ljos og mørker.
Dei kalla seg sjølv "born åt ljoset",
og dei var sikre på at ljoset ville sigre til slutt.
Mange forskarar trur at folka i Qumran
høyrde til eit religiøst parti som vart kalla essenarar.
Den jødiske historikaren Josefus fortel om tre
slike religiøse parti i det første hundreåret
etter Kristus: Farisearar, saddukearar og essenarar. I Det
nye testamentet står det om farisearar og saddukearar,
men essenarane er ikkje nemnde.
|
 |